§ 3-19.Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål
Elevar og privatistar kan søkje om å få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom dei
a. har problem med å lære begge målformene på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon, eller
b. ikkje har gått i norsk grunnskole på ungdomstrinnet, eller
c. i løpet av ungdomstrinnet eller vidaregåande opplæring har hatt rett til særskild språkopplæring, eller
d. i løpet av ungdomstrinnet eller vidaregåande opplæring har gått i internasjonal eller utanlandsk skole i Norge som er godkjend for å ikkje gi vurdering med karakter i sidemål.
Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter, skal få undervegsvurdering utan karakter.
Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål kan givast sjølv om ein ikkje lenger er elev i faget. Skoleeigar skal stryke standpunktkarakter og eksamenskarakter i faget dersom fritak frå vurdering med karakter er innvilga.
Avgjerda er eit enkeltvedtak. Den skolen eller skoleeigaren som har ansvar for å skrive ut vitnemål, skal fatte enkeltvedtaket.